Julefest 2016!

Posta: 10/12/2016 under Om oss

Laurdag 17. Desember brakar det laus med tidenes julefest på UrO! Det vert god mat, flotte folk, konkurranser og underhaldning. Få på deg finstasen, ta med deg ei ven eller to og kom.

For dei som ikkje likar pinnekjøtt vert det pizza.
Alle frå 7. klasse og oppover er velkommen.
Pris 100 for medlemmar og 200 for dei som ikkje er medlem. Inngangspengar vert betalt når du kjem. Du kan betale med kort og kontant.
Påmelding til 41608728, med navn, om du vil ha pinnekjøtt eller pizza og eventuelle allergiar. Påmeldingfristen er tysdag. Det går framleis an å melde seg på etter detter, men då stig prisen med 100 kr.

Håpar å sjå akkurat deg.

For meir info sjå: Facebook-arrangement

 

 

 

 

Advertisements

Hausten 2016

Posta: 30/08/2016 under Om oss

Då er me i gong med eit nytt UrO semester!!

Nytt styre er vald og samlingane er alt i gong!

Her er ei oversikt over samlingane i haust

 

Haust 2016

27.aug – Filmkveld
10.sept –
24.sept –
08.okt –
22.okt –
05.nov –
19.nov –
03.des – Juleverkstad
17.des – Julafest

Samlingane varar frå 18.00 – 21.30

 

Vel møtt! 🙂

Basar er alltid stas!

Posta: 28/05/2016 under Om oss

Då er den årlige UrO basaren historie, og etter flytting og rot var da godt å koma i roa ned med mykje folk og flotte gevinstar(flotte folk var da og)!

Det vart samla inn nesten 18.000,-kr !! Halvparten vil gå til barneheimen i India som UrO har hatt som sitt misjonsprosjekt på tredje året no. Dei resterande 50% går til UrO sitt arbeid.

Vil igjen få takka adle so kom, alle so hadde med gevinstar og dei so hjalp til på kjøkken og elles med forskjellige, og takk til Solveig for flott andakt. Også ein stor takk til UrO sitt lovsongsband som var me å spelte! Og igjen takk til alle som var med å gav !
Me ser fram til balldag komande laurdag(4.juni) kl13.00 ved gymsalen på Ostereidet, vel møtt til semesterets nest siste samling !

Basar utsatt

Posta: 06/05/2016 under Om oss

Basaren vert utsatt til 21.mai grunna dobbelbooking av bedehuset på Eknes.
Same tid same stad. 

Snødag på laurdag

Posta: 10/02/2016 under Om oss

Hei og hopp !Du trudde kanskje at da skulle vera skøytedag no på laurdag, men som du kanskje har merka så er det ikkje så lett å «gå på vatnet» for tida. Difor tek me heller turen til Dyrkolbotn!!
Her vert det muligheta for å stå på ski, kanskje aka, diverse leik og moro, bål og god stemning, mat og ikkje minst andakt.
Ta med deg ein ven, gode kler og godt mot! 

Detta vert kjekt !! 😀
Planen er å kjøra kl.10.00 frå Ostereidet senter, og er tilbake på same stad kl.16.00.

Fint om du trykker deltek om du kjem, så me får litt oversikt over kor mange bilar me treng!

Strandfest 30.jan

Posta: 29/01/2016 under Kva skjer?

I morgon kl.18 vert det årsmøte og «strandfest» på bedehuset!

Me startar med eit kjapt årsmøte, der vert de val av styret(ut skuleåret, nytt årsmøte i august) og val av valnemd.

I desse orkan tider kan det passa godt med ein real «strandfest» på bedehuset! Me fyrer opp varmen og ser fram til sumaren!

Det vert hot-dog, is, varmt, Johannes open bar, god stemning, badeball, solstolar og alt(nesten i alle fall) som høyrer ein ekte strandfest til !! 🙂

Ta med ein venn og ti, og kom!

Martin taler

strandfest

Møte fredag flytta til kyrkja!!

Posta: 15/01/2016 under Om oss

Då nærmar møtehelga seg med stormskritt!!

Og litt i siste liten har møte i dag(fredag) blitt flytta til kyrkja(Av praktiske årsaker)!Spre gjerne ordet vidare om da!

Møte startar kl.1930 som planlagd, men i kyrkja altså. Resten av møtehelga går som planlagd på bedehuset.
Vel møtt! Me gler oss 🙂 

Møtehelg

Posta: 12/01/2016 under Kva skjer?

Helga 15.-17.januar vert det møtehelg på bedehuset på Eknes med ein gjeng i frå Sygna vgs.

Det vert tale, song og info om Sygna av ein gjeng tilsette og elevar ved Sygna vgs.

Fredag: 19.30 Møte ved Sygna vgs
Laurdag: 19.30 Møte ved Sygna vgs
Sundag: 11.00 (Møte ved Asle Hetlebakke, KRIO)
Sundag: 16.00 Møte ved Sygna vgs

Det vert matservering og kos etter kvart møte.

Hjarteleg velkommen, alle og ein kvar ! 😀

Du finn også ei hending på facebook!

Plakat møtehelg

Julafest

Posta: 23/11/2015 under Om oss

Då er det klart for julefest igjen! I år feire med at UrO er 4 år! 😀

Det vert underhaldning, god mat (pinnekjøt, pizza og kaker), kjekke folk og flott andakt!

Dette blir med andre ord ein kveld du ikkje vil gå glipp av! Så meld deg på her !

Vervekonkurranse!!!

Den som får flest personar til å melda seg på julefesten får eit UrO-krus med snop !!

Pris:

50,- kr for medlem.

100,- kr for deg som ikkje er medlem

(Det koster 50 kr å bli medlem)

Betaling skjer ved inngangen.

Dersom du melder deg på etter 08.12 kl.23.59 øker beløpet med 50,- kr, også dersom du ikkje melder deg på før festen øker beløpet med 100,-kr.

Stad: Fredtun bedehus, Eknes

Tidspunkt18.00-22.30

For: deg i 7.klasse og oppover

Anntrekk: FINT!

 

Weekend

Posta: 05/04/2015 under Om oss

I vår tar UrO og In*Puls turen til Fjon fjellkyrkje for ein skikkelig weekend i vakre naturomgivingar!

Her vert det god mat, møter, spel, utekos, innekos.. og mykje meir!

Praktisk info

Dato: 17-19.april

PÅMELDING INNAN 15.APRIL !

Stad: Fjon fjellkyrkje

Pris: 

Medlem: kr. 300,-

Ikkje medlem: 350,-

Det vert felles avreise frå Ostereidet senter kl.17.00.

Du vil motta epost med “ta med liste” og meir info om weekenden ei stund før.

Me kjem og til reisa ein tur til Knarvik på nattcup laurdag, og dei som vil vera med å spela er velkommen til å vera med på vårt eige lag.

Meld deg på her